Tale ved opning av Synneva Heradstveit si utstilling Akvarell 2022
Galleri Christinegaard, 22.oktober – 13. november 2022

Kjære Synneva, kjære gallerist, kjære publikum.

«Landskapet er det første, det grunnleggjande i draumen. Det er ikkje sant at det er stemninga, kjenslene, skrekkens og lystens klima. Ingen skrekk utan landskap, inga glede, inga lyst. […] Våre kjensler må ha ein kropp, og kroppen må vere ein stad. Den må ha seg eit landskap.»
Frå Amatør-album. Lyrisk landskapsroman med figurar av Einar Økland, 1969.

Synneva, du skaper dine lyriske landskap gjennom akvarell. Sjølv seier du: «Uttrykket baserer seg på landskapsobservasjon og naturminne. Med vestlandslandskapet som bakteppe og fundament». Ein poetisk palett basert på naturerfaring, med feste i Hardanger. Men også Vestlandet elles: Stryn og Jæren og Finse. Og Portugal og Afrika. 

Og måten? «Eg arbeider med akvarell i eit minimalistisk formspråk mellom det kvasse og det flytande, lag på lag, farge på farge. / For meg er akvarell: farge, vatn, flyt og forenkling». Det er ein poetisk palett: farge i møte med vått papir, farge som møter farge, farge som legg seg over farge. Resultatet er rike koloristiske nyansar og store rom og horisontar. Aldri gjennomkalkulert. Alltid med ein poetisk rest.

For – Når Synneva snakkar om fargar, snakkar ho om noko levande
Paynes grey – vestlandets farge: blåsvart og ustyrleg (svart sjø), «fargen styrer meg».
Sepia, ordlaus. «Ein dag med sepia», det er ein dag med «ein mystikar, kan vera både mørk og streng». «Fargen har laga bildet».
Koboltblå, ultramarin, Antwerpen-blå, Cerulean-blå – «ein luring, kan vera både kald og varm». «Det er godt å arbeide med blått».
Jordnært, grønt rom
Light red, Raw Sienna, Raw umber, Winsor lemon 
Ultramarin: «nattsvart», å gå i djupdykk i det mørke, i Svart sjø 

Eller med Einar Økland sin kvardagsprosa: «Raud gjekk sola ned. Lilla stod fjella att. Blått djupna kvelden over oss, og det vart svart og grått. Men sola kom att med raude himlar neste dag» (s.137).

Lyrisk minimalisme kan vi kalle det

Akvarell og poesi blir ofte sett på som dei lette av kunstartar. Dekorative, helst til festbruk.  
Det er feil.
Akvarell er flyt, men og forankring, feste. 
Eit arbeid som vitnar om markante val. 
Du undersøkjer landskapet. Observerer. Observerer. 
Du undersøkjer gjennom fargar. 
Du samtalar i penselens språk.
Du er i ein farge lenge – og kjenner på det.
I randen, på kanten ser vi spor av lag på lag med fargar. Ei konsentrert insistering på å finne ut kva som skjer når ein legg på nytt strøk. Kanten avdukar arbeidsprosessen. Flytande oppheng får det fram. 

«Bilda har overraska meg», seier du. Med Økland kan vi seie: «Landskapet er porøst. […] Det hjelper oss. Vi kan gøyme oss i det. Det inneheld alt frå underjordiske hòler til hus med dører, alt frå krigar til vegetasjon» (s.112). «Ikkje om det var vakkert, men om det var godt merka vi oss. Og om det var godt kjende vi gjennom kroppen» (s.137).

Bilda dine er eit formsvar i fargar. 
Vakkert, ja. Estetisk. Asketisk.
Men blir det apolitisk, snilt, berre idyll?
Nei.
Formsvaret er det som filosofen Anniken Greve kallar om-verden-ømfindtlig. Ømfindtlegheit for kva alvor landskap er for oss: Landskap inneheld alt «frå krigar til vegetasjon»: Også i dag er det krig om landskap. Og i dag skrik naturen til oss.  

Difor: 
Å kunne ha feste i eit landskap – det er politisk. 
Å kjenne at landskapet er godt – det er økopolitikk.
Å gi rom for landskapet i seg – det er eksistensielt.

Takk, Synneva. Takk for desse rike sanseromma! 
Gratulere med utstillinga!

Aslaug Nyrnes