Tidlause landskap

Eg arbeidar med akvarell i eit minimalistisk formspråk, mellom det kvasse og det flytande, lag på lag, farge på farge.
Utrykket baserar seg på landskapsobservasjon og naturminner. Med vestlandslandskapet som bakteppe og fundament.
Eg arbeidar gjerne i seriar, og er opptatt av at fargen i seg sjølv kan gi rom for assosiasjonar og individuell tolking.
Eg brukar få fargar og mykje vatn slik at fargen kan flyta og finna si form. For meg er akvarell farge, vatn, flyt og forenkling.